EU-striden er den sterke politiske usemja som har prega spørsmålet om Noregs tilknyting til Den europeiske unionen (EEC, Fellesmarknaden, EF, EU). Det er den mest omstridde politiske saka i Noreg etter 1945.
Striden om Noregs tilknyting til EU kan delast i fire fasar; 1961–1962, 1967, 1970–72 og 1991–94. Dei to siste fasane førte fram til folkerøystingane i Noreg i 1972 og i 1994, som begge endte med nei-fleirtal.