Eagles Live Konsertalbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. november 1980 | |
Innspelt | 20. oktober 1976 – 31. juli 1980 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 77:10 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
The Long Run (1979) |
Eagles Live | Eagles Greatest Hits, Vol. 2 (1982) |
Singlar frå Eagles Live | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | (C−)[1] |
Eagles Live er det første konsertalbumet til det amerikanske rockebandet Eagles, eit dobbeltalbum gjeve ut 7. november 1980. Eagles vart uoffisielt oppløyst den 31. juli 1980 etter ein konsert i Long Beach i California. Men bandet skulda framleis Elektra/Asylum eit konsertalbum frå turneen. Eagles Live vart miksa av Glenn Frey og Don Henley på kva sin kyst, då dei fann ut at dei ikkje klarte å vere i same stat, og i all fall ikkje i same studio, og som Bill Szymczyk sa det, den perfekte trestemmars harmonien på plata vart fiksa «med hjelp av Federal Express». Rolling Stone Record Guide sa i 1983 om albumet at «det er kanskje det konsertalbumet i historia som er pynta mest på i studio i ettertid.» «Seven Bridges Road» vart gjeven ut som singel og nådde topp 40. Songen syner den harmonivokalen til bandet. På første og siste vers syng alle dei fem medlemmane i Eagles harmonivokal.