East African Airways var eit felles austafrikansk flyselskap for Kenya, Tanzania og Uganda. Selskapet vart oppretta i 1950 og verksemda opphøyrde i 1977 då Den austafrikanske unionen gjekk i oppløysing og dei enkelte landa etablerte sina eigne nasjonale selskap; Kenya Airways, Uganda Airlines og Air Tanzania.