East Anglia er ein landsdel aust i England. Det byggjer på det tidlegare kongeriket East Anglia, Ēast Engla rīce på gammalengelsk, som var namnsett etter angelsaksarar frå Angeln (Schleswig-Holstein).
Området har i dag inga administrativ rolle, og har ikkje offisielt fastsette grenser. Det var tidlegare eit statistisk område i Storbritannia. I dag er området ein del av regionen East of England, som omfattar fylkar Norfolk, Suffolk og Cambridgeshire og den sjølvstyrande byen Peterborough.