Ebal | |||
fjell | |||
Utsyn frå Ebal til Tel Aviv
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd | 940 moh. | ||
Koordinatar | 32°14′02″N 35°16′24″E / 32.234°N 35.2733°E | ||
![]() Ebal 32°14′02″N 35°16′24″E / 32.234°N 35.2733°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Ebal, West Bank |
Ebal (arabisk جبل عيبال, Jabal ‘Aybāl; hebraisk skrift הר עיבל, Har ‘Eival) er eit av to fjell like ved byen Nablus på Vestbreidda og dannar nordsida av dalen som Nablus ligg i. På sørsida ligg fjellet Gerisim.[1] Fjellet er eit av dei høgaste på Vestbreidda og stig til 940 meter over havet. Ebal består hovudsakleg av kalkstein.[2] Fjellsidene ha fleire store holer som truleg har vore steinbrot,[3] og ved foten av fjellet på nordsida ligg fleire graver.[4]
Høgt oppe i fjellet, på vestsida, ligg ruinane av somme massive murar, kalla Al-Kal'ah, og aust for desse ligg andre ruinar som no vert kalla Kunaisah.