Edderkoppdyr | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Chelicerata |
Klasse: | Edderkoppdyr Arachnida Cuvier, 1812 |
Edderkoppdyr eller araknidar (Arachnida) er ei stor gruppe leddyr som høyrer til klosaksdyra. Gruppa omfattar over 60 000 artar fordelt på 11 ordenar; mellom anna edderkoppar, skorpionar, bokskorpionar, midd og vevkjerringar. Dei langt fleste artane lever på land, og dei er utbreidd i dei fleste miljø.
Det er usemje i fagmiljøa om edderkoppdyra skal reknast som ei biologisk klasse eller ei underklasse under Chelicerata. Kva løysing ein vel er vilkårleg, sidan takona er konstruerte.