Edvard-prisen er ei utmerking innan norsk musikk som vert utdelt årleg av TONO, opphavsrettsorganisasjonen for musikarar og komponistar. Prisen er ei vidareføring av prisen Årets verk, som vart delt ut frå 1965 til 1996. Edvard-prisen, som vart utdelt for fyrste gong i 1998, kan berre gjevast til medlemer i organisasjonen. Målet er å styrkja musikklivet og auka merksemda rundt norske komponistar og tekstforfattarar og verka deira.
Talet på prisklassar har variert sidan byrjinga. Frå og med utdelinga for 2007 har det vorte delt delt ut pris i 4 klassar:
Vinnaren i ein kategori mottek 50 000 kroner, EDVARD-trofeet (design: Bruno Oldani) og ein diplom. Trofeet førestiller Edvard Grieg, som har gjeve namn til prisen. Prisane for 2007 og 2008 vart delt ut samla under TONO sin jubileumskonsert 27. november 2008.