Edvard Hoem | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mars 1949 (75 år) |
Yrke | Forfattar, omsetjar |
Periode | 1969- |
Medlem av | Arbeidernes kommunistparti |
Ektefelle | Hilde Brunsvik |
Born | Knut Hoem, Ine Hoem |
Debut | Som grønne musikantar |
Edvard Hoem på Commons |
Edvard Arnt Hoem (fødd 10. mars 1949) er ein norsk forfattar. Han vart fødd i Fræna i Romsdal i Møre og Romsdal fylke.
Han debuterte i 1969 med diktsamlinga «Som grøne musikantar», og har sidan skrive ei lang rekkje romanar, skodespel, dikt og salmar. Han arbeider òg som omsetjar. Hoem var tilknytt Det Norske Teatret i 1976, og frå 1980–1986 som husdiktar og dramaturg. Han var teatersjef ved Teatret Vårt i Molde i perioden 1997–1999.
Hoem skriv for det meste på nynorsk. I 2005 var han festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela.