Den effektive temperaturen til ein lekam som ei stjerne eller ein planet er den temperaturen ein svart lekam ville ha om han strålte ut same mengd elektromagnetisk stråling.[1] Effektiv temperatur vert ofte nytta som eit temperaturestimat til ein lekam når ein ikkje kjenner emissivitetskurva (som ein funksjon av bølgjelengd) til lekamen.