Egyptisk mytologi

Egyptisk gravmåleri

Egyptisk mytologi eller eigentleg meir korrekt egyptisk religion viser til dei religiøse trusforestillingane og den skaren med gudar som dei tilbad i det gamle Egypt før kristendomen og islam etablerte seg i landet. Denne religionen utgjorde det etablerte religiøse systemet i Egypt under ei tid på nesten 3 000 år, og gudane sine funksjonar og kulten deira varierte naturlegvis monaleg i løpet av denne lange perioden.

Ein viktig skilnad mellom gresk mytologi og egyptisk er at dei egyptiske gudane bruka bli framstilte med menneskekropp og dyrehovud.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne