Eidsborg stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Eidsborg stavkyrkje
Foto: Missarnold74 | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Øvre Telemark | ||
Sokn | Eidsborg, Mo og Skafså | ||
Fellesråd | Tokke | ||
Stad | Eidsborg | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Stavverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | Kring 1250[1] | ||
• Vigd til | Truleg St. Nicholas (St. Nikuls) | ||
Takryttar | Oppattbygd i 1693, ein del vyrke frå mellomalderen attbrukt. | ||
Portal | Vestportal i svalgangen, truleg flytt frå sørsida av svalgangen. | ||
Kor | Bygd i 1840-åra | ||
Skip | Bygd på slutten av 1200-talet, forlenga austover i 1840-åra. | ||
Kyrkjegard | Rundt kyrkja | ||
Preikestol | 1927[2] | ||
Døypefont | 1846 | ||
Altartavle | 1846 | ||
Sitjeplassar | 80[3] | ||
![]() Eidsborg stavkyrkje 59°27′52″N 8°01′19″E / 59.4645665°N 8.021988°E | |||
Wikimedia Commons: Eidsborg stavkirke |
Eidsborg stavkyrkje er ei einskipa stavkyrkje som står i Eidsborg i Tokke kommune i Telemark fylke. Kyrkja er frå andre halvdelen av 1200-talet og er soknekyrkje for Eidsborg og Dalen, men har frå 2001 berre vore nytta i sommarhalvåret. Ho ligg ved friluftsmuseet til Vest-Telemark Museum og vert ofte oppfatta som del av museet. Kyrkja har vore gjennom mange endringar opp gjennom åra, dei største i 1840- og 1920-åra. Det er den vestre delen av kyrkjeskipet som er frå mellomalderen, medan austre enden av skipet og koret stod ferdig i 1847. Kyrkja gjennomgjekk ei stor vøling og restaurering under leiing av Riksantikvaren i åra 2005–2008.[4]
Eidsborg stavkyrkje er særmerkt ved at også hjørnestavane og veggene på svalgangane er spontekte. Det andre særmerket med Eidsborg-kyrkja er kultusen knytt til ein helgenfigur forestillande St. Nicolaus, eller Nikuls som han heitte i Eidsborg.