Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklar er eit selskap eller ein person som har til yrke å formidla kjøp, sal og utleie av fast eigedom. I Noreg er eigedomsmeklar ein verna tittel, og krev konsesjon av Finanstilsynet. Eiendomsmeklingsbransjen er strengt lovregulert, og det er berre firma med særskilt løyve som kan driva eigedomsmekling. Advokatar og juristar kan òg opptre som eigedomsmeklar viss dei har løyve frå Finanstilsynet. Ein kan taka ein bachelorgrad i eiendomsmekling ved fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg.[1]

  1. «Utdanning.no sin yrkesbeskrivelse Eiendomsmegler». utdanning.no. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne