Eight Miles High singel av The Byrds frå albumet Fifth Dimension | ||
B-side |
«Why» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. mars 1966 | |
Innspelt | 24. og 25. januar 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Psykedelisk rock, ragarock | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | Gene Clark | |
Låtskrivar(ar) | Gene Clark, Jim McGuinn, David Crosby | |
Produsent | Allen Stanton | |
The Byrds-kronologi | ||
«It Won't Be Wrong» (1966) |
Eight Miles High | «5D (Fifth Dimension)» (1966)
|
«Eight Miles High» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av Gene Clark, Jim McGuinn og David Crosby og først gjeven ut som singel i mars 1966.[1] Singelen nådde Topp 20 i USA og Topp 30 i Storbritannia.[2][3] Songen kom òg ut på det tredje albumet deira, Fifth Dimension, som kom ut 18. juli 1966.[4]
Songen vart bannlyst av amerikansk radio kort tid etter han kom ut, etter påstandar om at teksten omhandla narkotikabruk.[5][6] Bandet prøvde å nekte for skuldingane, men i seinare år har både Clark og Crosby innrømd at songen i det minste delvis var inspirert av deira eige narkotikabruk.[5][7] Musikalsk var songen påverka av Ravi Shankar og John Coltrane, og i lag med B-sida «Why» var han viktig i utviklinga av dei musikalske retningane psykedelisk rock og ragarock.[6][7][8]