Eikeren | |||
innsjø | |||
Eikeren
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud, Vestfold | ||
Kommunar | Øvre Eiker, Holmestrand | ||
Høgd over havet | 17-19 moh. | ||
Areal | 27,72 km² | ||
Middeldjupn | 85 m | ||
Største djupn | 158 m | ||
Volum | 2,36 km³ | ||
Kystlengd1 | 43,27 km | ||
Koordinatar | 59°39′59″N 09°54′44″E / 59.66639°N 9.91222°E | ||
Eikeren 59°39′59″N 9°54′44″E / 59.66638889°N 9.91222222°E | |||
Wikimedia Commons: Eikeren | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Eikeren eller Eikern er ein lang og djup innsjø i kommunane Holmestrand i Vestfold fylke og Øvre Eiker i Buskerud fylke. Han er den største innsjøen i Vestfold (om ein reknar med delen som ligg i Buskerud).
Ved den austlege delen i Vestfold ligg tettstaden Eidsfoss. I denne delen strøymer vatn inn frå Bergsvann, Vikevann, Haugestadvann og Hillestadvann. Eikeren får òg vatn frå Hakavikelva og Steinbruelva.
I den vestlege delen heng Eikeren saman med Fiskumvannet i eit trongt sund, Sundet, der vatnet renn over i Fiskumvannet. Gjennom dette sundet passerer det eit volum på gjennomsnittleg 7 m3 per sekund. Frå Fiskumvannet renn vatnet ut i Vestfosselva mot Vestfossen. Elva går så vidare til Hokksund, der ho deler seg i to elveløp som begge renn ut i Drammenselva.
I 2005 vart Eikeren opna av Vestfold Interkommunale Vannverk, VIV, som ekstra drikkevasskjelde for Vestfold.