Eininga fot

Denne artikkelen handlar om fot som lengdeeining. For lekamsdelen, sjå fot.
Den vitruviske mannen av da Vinci nyttar mellom anna eininga fot.

Fot er ei tradisjonell eining for lengdemål eller avstand. Ho tek utgangspunkt i lengda av ein gjennomsnittleg fotsole på ein vaksen mann, og finst i mange lengder på rundt 30 cm. Fot er ikkje ei SI-eining. Lengda på fot-mål har variert mellom ein sumersk fot på ca. 26 cm og ein russisk på 35 cm.

Ordet fot kjem frå norrønt, og er ei omsetjing av latinske pes. Omgrepet finst som fuss på tysk og pied på fransk. Den mest vanlege definisjonen av fot i dag er britisk fot, som på engelsk gjerne blir kalla imperial foot, og er definert å vere 30,48 cm. Ein britisk fot svarar til tolv tommar.

I mange land har ein tradisjon for å bruka ʹ til å markera fot og ʹʹ for tomme. Dette blir ikkje rekna som rett i typografi. Den internasjonale forkortinga for fot er ft.

Gamle lengdemål frå Italia, mellom anna «fot» (p.) frå ulike stader.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne