Ekeberg | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Ekeberg 59°54′00″N 10°46′00″E / 59.9°N 10.766666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Ekeberg |
Ekeberg er høgdedraget som stig opp sørøst for Bjørvika i Gamlebyen i Oslo. Berget er langstrekt og heilt flatt og toppen blir kalla Ekebergplatået. Ekeberg ligg på rundt 140 moh., og det høgaste punktet ligg på 207 moh.
På Ekeberg finn ein mellom anna helleristingar, skålgroper, steinsettingar, oldtidsvegar og rydningsrøyser. Arkeologiske funn viser at det har budd menneske på Ekeberg i 10 000 år.[1] Her ligg òg Ekebergrestauranten, Ekebergparken og den tidlegare Sjømannsskolen.