Ekko, atterklang, eller dvergmål, er ein refleksjon av ein lyd som treffer den som høyrer, ei stund etter den direkte lyden. Kjende døme er ekko i ein brønn, eit stort rom eller frå ei fjellside. Eit sant ekko er ein enkelt refleksjon. Dersom lyttaren blir treft av mange ekko som glir over i kvarandre, blir det kalla reverberasjon.
Eit menneske kan ikkje skilje ekko frå original om avstanden i tid ikkje er større enn 0,1 sekund. Ettersom lyden har ein fart på om lag 343 m/s ved 20 °C, må avstanden frå lydkjelde til reflektor vera minst 16,2 meter.
Ekko blir brukt i mellom anna sonar og ekkokardiografi.