Ekne | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Levanger | ||
Areal | 0,23 km² | ||
Folketal | 324 (2024) | ||
Folketettleik | 1 409 / km² | ||
Postnummer | 7624 EKNE | ||
![]() Ekne 63°41′47″N 11°02′26″E / 63.696388888889°N 11.040555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Ekne |
Ekne er ein tettstad i Levanger kommune i Trøndelag fylke. Staden har 324 innbyggjarar per 1. januar 2024. Ekne er ei jord- og skogbruksbygd i tidlegare Skogn kommune. Stadnamnet Ekne (Eknir) er utolka. Ekne grensar i sørvest til Frosta, i sør til Åsen, i aust til Alstadhaug sokn i Skogn og i nord mot Trondheimsfjorden. Dei største vatna er Byavatnet og Sønningen. På grensa mot Frosta ligg Storheia (368 meter over havet) og Sottjernet. Løkshammeren er ein karakteristisk fjellhammar som heng utover Trondheimsfjorden og er synleg på lang avstand. Vest for Løkshammeren ligg det vestlegaste busettinga i bygda; Purkvika som i dag er fråflytta.
Ekne er eit sokn i Skogn prestegjeld. Ekne har eit variert næringsliv innan entreprenørverksemd, transport, tenesteyting og handel. Ekne har og eiga vassverk. Fylkesveg 61 i Nord-Trøndelag og Fylkesveg 112 i Nord-Trøndelag går gjennom Ekne og det er 17 km til kommunesenteret på Levanger.
Bygdesentret er klassifisert som tettstad av Statistisk sentralbyrå.
Ekne har fire grender; Bergbygda, Vassbygda, Markabygda og Øverbygda. Bergbygda ligg langs Tronheimsfjorden, vest for Vassbygda. Markabygda ligg nord for Byavatnet, sørvest for Vassbygda. Øverbygda ligg lengst sør, mellom Vassbygda og Ronglan.
Ekne postkontor vart opna i 1874 og lagt ned i 1997. Ekne hadde postnummer 7624 mellom 1968-1997 og det vart teken i bruk att i 2002.