Eksklusjonsdiagnose

Ein eksklusjonsdiagnose eller «diagnose per exclusionem» er ein diagnose som vert nådd gjennom ein eliminasjonsprosess, og kan mellom anna brukast i tilfeller der sikker stadfesting ikkje kan gjerast med eksaminasjon eller testing.[1][2] Slike eliminasjonar av ulike fornuftige moglegheitar er ein viktig komponent i differensialdiagnosar.

Den største kategorien av ekslusjonsdiagnosar finn ein blant psykiatriske lidingar, der fysisk eller organisk sjukdom må utelukkast før ein kan setje ein funksjonell diagnose. Eksklusjonsdiagnosar plar å førekome på områder der vitskapleg kunnskap er manglande, og særleg der objektive metodar for å stadfeste ein diagnose er fråverande. Når ein spesifikk diagnose ikkje kan stadfestast kan det vere nyttig å utelukke dei gruppene av kjente årsaker som kan føre til ein tilsvarande klinisk presentasjon.

  1. H. Vorland, Lars (23. januar 2009). «ME – en sykdom som krever nytt tilbud». Direktørens fredagsbrev. Helse Nord RHF. Arkivert frå originalen 8. oktober 2013. Henta 27. desember 2014. 
  2. Landmark, Live (22. desember 2011). «Når de livløse våkner». Erfaringskompetanse. Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse. Henta 27. desember 2014. [daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne