Ekspresjonisme og ekspresjonistisk er ei uttrykksform og ei retning innanfor kunst. Ho har prega både biletkunst, litteratur, musikk, teater, film og arkitektur. Eit «ekspresjonistisk» kunstverk vert oppfatta å uttrykke dei indre kjenslene hos opphavspersonen, formidla i ei subjektiv og vridd avbilding av den ytre verda. Uttrykket i ekspresjonistisk biletkunst er ofte intense, kantete, utflytande og grensesprengande.