Electric Warrior

Electric Warrior
Studioalbum av T. Rex
Språk engelsk
Utgjeve 24. september 1971
Innspelt Mars til juni 1971
Studio Trident and Advision, London; Wally Heider, Los Angeles; Media Sound, New York City
Sjanger
Lengd 39:02
Selskap Fly (Storbritannia), Reprise (USA)
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
T. Rex
(1970)
Electric Warrior The Slider
(1972)


Singlar frå Electric Warrior
  1. «Get It On»
    Utgjeve: 2. juli 1971
  2. «Jeepster»
    Utgjeve: 1. november 1971

Electric Warrior er eit album frå 1971 av Marc Bolan-bandet T. Rex, det sjette albumet deira sidan debutalbumet som Tyrannosaurus Rex i 1968, og det andre under namnet T. Rex. Albumet markerte eit vendepunkt i stilen deira, bort frå viseprega musikk frå tidlegare album til ein banebrytande, teatralsk og popvenleg, elektrisk rock & roll kjend som glamrock.[1]

Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista og vart det bestseljande albumet i 1971. Singelen «Get It On» nådde topp 10 på amerikanske Billboard Hot 100. Songen vart kalla «Bang a Gong (Get It On)» av det amerikanske plateselskapet, og det vart òg den einaste hitten deira i Nord-Amerika.

Electric Warrior har sidan vore kritikarrost som eit høgdepunkt i glamrockrørsla og hadde stor innverknad på seinare musikarar innan ulike sjangrar.

  1. Huey, Steve. «Electric Warrior – T. Rex». AllMusic. Henta 16. juli 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne