Elektronisk forsterkar

Enkel transistorforsterkar.

Ein elektronisk forsterkar, ofte kalla berre forsterkar, er ein komponent, eller eit apparat, som forsterkar ei elektrisk spenning (spenningsforsterkar), ein elektrisk straum (straumforsterkar), eller begge delar. Men transkonduktans- og transresistansforsterkarar er òg vanlege.

Forsterkarar nyttar aktive komponentar for å forsterka signala. Ein aktiv komponent er ein komponent som får tilført energi frå ein energiforsyningsmodul, vert styrt av eit inngangssignal og gjev ut eit straum- eller spenningssignal som er proporsjonalt med inngangssignalet. Forsterkarar kan nytta radiorøyr eller transistorar som aktive element, men frå 1960-talet har dei aller fleste forsterkarane nytta transistorar som aktive element.

Transistorforsterkarar kan lagast med diskrete komponentar, eller byggast rundt operasjonsforsterkarar, som i dei aller fleste tilfella er integrerte krinsar (IC-ar). Diskrete komponentar gjev konstruktøren meir fleksibilitet, medan bruk av IC-ar fører til meir kompakte kretskort og billigare produksjon. Mange forsterkarar nyttar både IC-ar og diskrete komponentar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne