Ellie Greenwich | |||
| |||
Fødd | 23. oktober 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn i New York i USA | ||
Død | 26. august 2009 (68 år) | ||
Dødsstad | Manhattan i New York i USA | ||
Fødenamn | Eleanor Louise Greenwich | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958 - 2009 | ||
Sjanger | Rock and roll | ||
Instrument | låtskrivar, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Ronettes, The Crystals, Neil Diamond, Manfred Mann, The Shangri-Las, The Raindrops, Tommy James & the Shondells, Bob B. Soxx & the Blue Jeans, Lesley Gore | ||
Plateselskap | Bell Records | ||
Verka som | Låtskrivar, korsongarinne, plateprodusent | ||
Gift med | Jeff Barry | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Eleanor Louise «Ellie» Greenwich (23. oktober 1940–26. august 2009)[1] var ein amerikansk popsongar, låtskrivar, og plateprodusent. Ho skreiv eller var medlåtskrivar på «Be My Baby», «Christmas (Baby Please Come Home)», «Da Doo Ron Ron», «Leader of the Pack», «Do Wah Diddy Diddy» og «River Deep, Mountain High», blant mange andre. Slik var ho med å forme og gjere jentegruppestilen populær tidleg i 1960-åra med grupper som The Ronettes, The Shangri-Las og The Crystals.[2] I prosessen vart ho ein av dei mest respekterte poplåtskrivarane i denne perioden.[2]