Marne | |||
elv | |||
Marne i Noisy-le-Grand
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 800 km² | ||
Lengd | 525 km | ||
Middelvassføring | 100 m³/s | ||
Kjelde | Champagne-Ardenne | ||
Munning | Seinen | ||
![]() Elva Marne 47°49′06″N 5°21′00″E / 47.818333333333°N 5.35°E | |||
Wikimedia Commons: Marne River |
Marne er ei elv aust og søraust for Paris i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Ho er om lag 525 km lang, og har gjeve namn til dei franske departementa Haute-Marne, Marne, Seine-et-Marne og Val-de-Marne.
Marne har sitt utspring på Langres-platået, og renn hovudsakleg nordover, før ho snur vestover mellom Saint-Dizier og Châlons-en-Champagne. Ho munnar ut i Seinen ved Charenton-le-Pont like oppfor Paris.
Champagne-regionen renn elva gjennom den kunstige innsjøen Lac du Der-Chantecoq, for å regulere vassføringa i elva. Dette gjer at ein hindrar store svingingar i vassnivået i elva.[1]
Marne var åstad for Slaget ved Marne to slag under den første verdskrigen. Det første slaget i 1914 var vendepunktet i første verdskrig. Det andre slaget vart utkjempa fire år seinare, i 1918.
På 1800- og 1900-talet inspirerte Marne mange målarar, som: