Emiratet Ajman | |||
إمارة عجمانّ, Imārat al-ʿAǧmān | |||
Emirat | |||
|
|||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Areal | 259 km² | ||
Folketal | 504 836 (2017)[1][2] | ||
Leiar | Humaid bin Rashid Al Nuaimi | ||
Tidssone | UAE standardtid (UTC+4) | ||
Emiratet Ajman 25°24′N 55°30′E / 25.4°N 55.5°E | |||
Kart som viser Emiratet Ajman.
| |||
Wikimedia Commons: Emirate of Ajman |
Emiratet Ajman (arabisk إمارة عجمانّ, romanisert Imārat al-ʿAǧmān) er eit av sju emirat i Dei sameinte arabiske emirata. Med eit areal på berre 260 kvadratkilometer, er Ajman det minste av emira etter areal. Setet i emiratet er byen Ajman, som emiratet er kalla opp etter. Emiratet grensa i nord, sør og aust til emiratet Sharjah.[3] Det har eit folketal på kring 505 000 innbyggjarar i 2017.
Emiratet ligg ved kysten av Persiabukta og kontrollerer òg to små innlands-eksklavar: Manama og Masfut, som begge er hovudsakleg jordbruksområde. Kring 95 % av innbyggjarane i emiratet bur i byen Ajman, som er ein del av Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde. Ajman vert styrt av sjeik Humaid bin Rashid Al Nuaimi frå Al Nuaimi-stamma. Kronprinsen i emiratet er sjeik Ammar bin Humaid Al Nuaimi.