Energidepartementet i USA

Energidepartementet

Energidepartementet (U.S. Department of Energy) er eit departement i den amerikanske føderale regjeringa som har ansvar for energipolitikk, utvikling av atomvåpen, atomreaktorproduksjon for marinen, energisparing, energiforskning, radioaktivt avfall og energiproduksjon.

Departementet er den største føderale bidragsyteren til forsking innan grunnleggande og praktisk vitskap. Dette vert hovudsakleg gjort gjennom departementet sitt nettverk av nasjonale laboratorium.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne