Gabriel | |||
| |||
Helgendag |
|
---|
Engelen Gabriel er ein av to namngjevne englar i Bibelen. Namnet tyder «Guds kraft». Den andre namngjevne engelen er erkeengelen Mikael . Dei apokryfe skriftene nemner dessutan engelen Rafael.
Etter katolsk tradisjon er både Mikael, Gabriel og Rafael erkeenglar, eller overenglar, som var ordet som tidlegare vart bruka i nynorske bibelomsetjingar. Men Bibelen nemner berre Mikael som erkeengel. Etter tradisjonen var Gabriel vaktar av Edens hage.
Medan Mikael er engel for endetida, er Gabriel engel for opphavet, engelen som forkynner for Sakarja at kona hans, Elisabet, skal føde Johannes Døyparen, og for Maria og Josef om Jesu fødsel.
I kunsten vert Gabriel framstilt med liljestav, symbol på bodberaren og Marias uskyld.