Engelsk English | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Vestgermansk Engelsk | |
Talarar | Anglo-, engelsktalande | |
Bruk | ||
Tala i | Offisielt språk i 53 land og fleire internasjonale samskipingar. (engelsk blir tala i 105 land) | |
Rangering | 3 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | en | |
ISO 639-2 | eng | |
ISO 639-3 | eng | |
Wikipedia på engelsk |
Engelsk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, eit vestgermansk, angelsaksisk språk. Engelsk er etterkomar av språket til dei germanske stammane som utvandra frå område i dagens Sør-Danmark og Nord-Tyskland på 400-talet. Språket med nærast slektskap til engelsk på kontinentet i dag er frisisk, som framleis blir tala av somme i desse områda og i delar av Nederland.