England
(norsk: England, engelsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Ingen offisiell, vanlegvis nyttar ein «God Save the King»» | ||||||
Motto | Dieu et mon droit | ||||||
Offisielle språk | engelsk (de facto) | ||||||
Hovudstad | London | ||||||
Flatevidd – Totalt |
130279 km² | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2011) – Tettleik |
55619400 53012456 424,3/km² | ||||||
Nasjonaldag | 23. april | ||||||
BNP – Totalt (2016) – Per innbyggjar |
1 498 milliardar ({{{bnp_rangering}}}.) 27100 ({{{bnp_rangering_per_innbyggjar}}}.) | ||||||
Valuta | britisk pund (GBP; £) | ||||||
Tidssone | UTC (Greenwich Mean Time)
|
England er den største og mest folkerike av dei fire nasjonane som utgjer Storbritannia. England ligg i den søraustlege delen av øya Storbritannia, og grensar direkte mot Wales og Skottland.
Namnet «England» kjem frå anglarane, eit av fleire germanske folk som kom til øya i det 5. og det 6. hundreåret. Området var på den tida delt i fleire rike, sju av dei blei i fellesskap omtala som Heptarkiet og var dei viktigaste. Samlinga til eitt rike fann stad i det 8. og det 9. hundreåret, og blei rekna som fullført under Alfred den store (regjerte 871–899).
England blir styrt direkte av det britiske parlamentet, og har lenge vore det politiske sentrum i Storbritannia. Hovudstaden i England, London, er òg hovudstaden i heile Storbritannia. Mot slutten av det 20. hundreår starta ein prosess mot auka regionalt sjølvstyre i Skottland og Wales, då det blei oppretta regionale parlament.