Eponymous

Sjå òg EP-en Eponymous av The Alarm.
Eponymous
Samlealbum av R.E.M.
Språk engelsk, fransk
Utgjeve 17. oktober 1988
Innspelt 1981–1987
Sjanger Collegerock og alternativ rock
Lengd 43:06
Selskap I.R.S. Records
Produsent Joe Boyd, Mitch Easter, Don Dixon, Don Gehman og Scott Litt
R.E.M.-kronologi 
Document
(1987)
Eponymous Green
(1988)


Eponymous er det fyrste samlealbumet til R.E.M., og det vart utgjeve i 1988. Det var den siste autoriserte utgjevinga deira hjå I.R.S. Records, som dei hadde hatt kontrakt med sidan 1982, etter at dei akkurat hadde signert med Warner Bros. Records. Tittelen er eit ordspel over vanen ein i platebransjen har med å vise til eit sjølvtitulert album (t.d. Pretenders) som eit «eponymt album».

Eponymous er kjent for å ha med fleire sjeldne og alternative versjonar av kjende spor. Det strekkjer seg frå EP-en Chronic Town til gjennombrotsalbumet frå året før, Document, og gjev såleis eit greitt overblikk over det tidlege arbeidet til R.E.M.

Albumet har den alternative tittelen «File Under Grain», som viser til omslagsbiletet. Eit tidlegare album, Document, hadde påskrifta «File Under Fire», og Reckoning hadde med orda «File Under Water». På innsida av albumet er det eit bilete av vokalist Michael Stipe med teksten «They Airbrushed My Face» (‘Dei retusjerte ansiktet mitt’) framfor auga.

Det vart sleppt i oktober 1988, berre ein månad før debuten hjå Warner Bros., Green, og nådde 44. i USA og 69. plass i Storbritannia.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne