59°56′26″N 30°18′49″E / 59.94056°N 30.31361°E
Eremitasjen | |||
| |||
Arkitekt | Bartolomeo Rastrelli | ||
---|---|---|---|
Opna | 1764 | ||
Eremitasjen 59°56′26″N 30°18′49″E / 59.940555555556°N 30.313611111111°E |
Eremitasjen er eit statseigt museum i St. Petersburg i Russland. Det er eit av dei største og eldste musea for kunst- og kulturhistorie i verda.
Samlingane består av nær tre millionar gjenstandar, mellom anna finn ein den største samlinga av måleri i heile verda her. Gjenstandane er utstilte og plasserte i seks historiske bygningar langs palasskaiene, inkludert Vinterpalasset som tidlegare var tsarresidens. Ved sidan av dei opphavlege bygningane har Mensjikovpalasset, porselensmuséet, lagerhusa ved Staraja Derevnja og austfløya i generalstabsbygningen i St. Petersburg vorte del av muséet. Muséet har fleire faste utstillingssenter utanlands.
Kunstsamlinga inneheld verk av Michelangelo, Leonardo, Rubens, Rembrandt, Monet, Rodin, Renoir, van Gogh, Gauguin, Picasso og Matisse. Dei russiske kronjuvelane er òg i samlinga, saman med Fabergés berømte juvelkunst. Eremitasjen inneheld den største samlinga i verda av gamalt gull frå Aust-Europa og Vest-Asia.