Eric Clapton | |||
Clapton på konsert i München i Tyskland 5. juni 2010 | |||
Fødd | 30. mars 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ripley | ||
Fødenamn | Eric Patrick Clapton | ||
Alias | Slowhand | ||
Opphav | Storbritannia, USA | ||
Aktiv | 1962 til i dag | ||
Sjanger | Rock, bluesrock, blues, psykedelisk rock, hardrock | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Kjende instrument | «Blackie»: Fender Stratocaster «Brownie»: Fender Stratocaster Gibson SG Gibson ES-335 Gibson Les Paul | ||
Tilknytte artistar | The Yardbirds, John Mayall & the Bluesbreakers, Powerhouse, Cream, Free Creek, The Dirty Mac, Blind Faith, J.J. Cale, The Plastic Ono Band, Delaney, Bonnie & Friends, Derek and the Dominos, T.D.F. | ||
Plateselskap | Warner Bros., Reprise, Polydor, RSO, Atco, Apple, Deram[1] | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Gift med | Pattie Boyd, Melia McEnery | ||
Sambuar med | Lory Del Santo, Yvonne Kelly | ||
Born | Conor Clapton | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, kommandør i den britiske imperieorden, Grammy Lifetime Achievement Award, Silver Clef Award |
Eric Patrick Clapton (fødd 30. mars 1945) er ein engelsk gitarist, vokalist og låtskrivar. Clapton er den einaste musikaren som er innlemma tre gonger i Rock and Roll Hall of Fame: ein gong som soloartist, og to gonger som medlemmar av The Yardbirds og Cream. Clapton har vorte kalla ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane gjennom tidene.[2] Clapton vart rangert på fjerdeplass på lista til Rolling Stone då dei kåra dei 100 største gitaristane gjennom tidene[3] og på lista til Gibson over dei 50 største gitaristane.[4] Han har motteke 17 Grammyprisar,[5] og i 2004 vart Clapton utnemnd til Commander of the British Empire (CBE) for bidraga sine til musikken.[6]
På midten av 60-åra forlet Clapton The Yardbirds for å spele blues med John Mayall & the Bluesbreakers. I året han var med Mayall, fekk Clapton kallenamnet «Slowhand», og ein graffiti i London erklærte at «Clapton is God». Like etter at han forlet Mayall danna Clapton powertrioen Cream i lag med trommeslagar Ginger Baker og bassist Jack Bruce, der Clapton spelte lange bluesimprovisasjonar og «kunstferdig, blues-basert psykedelisk pop». Gjennom det meste av 70-åra spelte Clapton musikk påverka av den rolege stilen til J.J. Cale og reggaemusikken til Bob Marley. Versjonen hans av Marley sin «I Shot the Sheriff» var med på å få reggaen ut til dei store massane.[7] To av dei mest populære songane hans er «Layla», spelt inn av Derek and the Dominos, og Robert Johnson sin «Crossroads», spelt inn av Cream. I 1998 grunnla Clapton, som var tidlegare alkohol- og heroinmisbrukar, Crossroads Centre på Antigua, eit medisinsk senter for tidlegare stoffmisbrukarar.[8]