Erik Waaler | |||
Fødd | 22. februar 1903 Hamar kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mars 1997 Bergen | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | patologi, rettsmedisin | ||
Yrke | lege, professor, patolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Per Erik Waaler | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Erik Waaler (fødd 22. februar 1903 i Hamar, død 3. mars 1997 i Bergen) var ein norsk lege. Han var bror til Georg Waaler og Rolf Waaler.
Erik Waaler var professor i patologi ved Universitetet i Bergen (UiB) frå 1948 til 1971 og var rektor same stad i to periodar. Han vart verdskjend då han oppdaga ein spesiell faktor i blodet til revmatikarar, som var grunnlaget for ein test som har fått stor diagnostisk utbreiing.