Ernst Sars | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. oktober 1835 Florø |
Død |
27. januar 1917 (81 år) |
Yrke | historikar, politikar, professor |
Språk | norsk, dansk |
Politisk parti | Venstre |
Far | Michael Sars |
Mor | Maren Sars |
Ernst Sars på Commons |
Johan Ernst Welhaven Sars (11. oktober 1835–27. januar 1917) var ein norsk historikar og politikar frå Florø. I 1870 fekk han universitetsstipendiat, og i 1874 vart han professor ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania.
Det mest kjende verket hans er Udsigt over den norske historie, som kom i fire band mellom 1873 og 1891. Bøkene fekk ein viktig posisjon då nasjonalstaten Noreg skulle etablerast. Sars trekte fram dei lange linene i ei samanhengjande norsk historie frå vikingtida til på 1800-talet.
Eit anna viktig verk var Norges politiske historie 1814-1885, som kom ut i åra mellom 1899 og 1904.
Sars var ein av sjefsideologane i partiet Venstre i den nasjonale reisingstida før unionsoppløysinga i 1905, og hadde omgang med ånsdhøvdingar som Bjørnstjerne Bjørnson og A.O. Vinje. Kvar søndag samla han og mora politikarar og intellektuelle til diskusjonsmøte heime hos seg i Bærum. Sjølv tok han ikkje imot framståande verv i rikspolitikken.