Erteblomfamilien | |
![]() | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av erteblomfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae Lindl., 1836 |
Erteblomfamilien eller erteblomsterfamilien (Fabaceae) er ein plantefamilie i gruppa tofrøbladingar.
Artane i familien omfattar urtevekstar, buskar, tre og lianar. Dei har oftast finna eller kopla blad med øyreblad (stiplar). Dei har uregelrett blomster med samblada femtagga beger og fem ulike kronblad. Det øvre kronbladet, seglet, er størst, på sidene er venganen, og nedst to samanvaksne blad, kjølen. Blomane har ti mjølberarer og ein griffel. Dei dannar ein skolm, oftast med fleire frø.
Erteblomfamilien er den tredje største plantefamilien som finst i talet på artar. Han omfattar 19 327 arter fordelt på 727 planteslekter.[1] Av dei finst 20 slekter i Noreg. Berre orkidefamilien (Orchidaceae) med 22–25 000 og korgplantefamilien (Asteraceae) med rundt 22 000 har fleire artar. Ein finn særleg artar frå familien i temperert klima.
I erteblomfamilien finst ei rekkje belgfrukter som blir brukt som mat, mellom anna erter, bønner og peanøtter, fôrplantar som soya, kløver, vikke og luserne, fargeplantar som ginst og Indigofera og prydplantar som lupin og gullregn.