Espen Bredesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. februar 1968 (57 år) Oslo |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Stor bakke |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Holmenkollmedaljen |
Espen Bredesen (fødd 2. februar 1968) er ein norsk, tidlegare skihoppar som var medlem av Oppsal Idrettslag, samt treningsgruppa Kollenhopp. I Ski-VM i Falun i 1993 vann Bredesen gull i storbakken og i laghoppinga. Sesongen 1993/94 vart han olympisk meister i normalbakken under OL på Lillehammer, der han også fekk sølvmedaljen i storbakken. Same sesongen vann han verdscupen i skihopping, og den tysk-austerrikske hoppveka og tok sølvmedaljen i VM i skiflyging. Mellom 1991 og 1998 vart han noregsmeister ni gongar, og vann elles ein NM-sølv og ein NM-bronse. Bredesen forbetra verdsrekorden i skihopping to gongar, til 209 meter i 1994 og 210 m i 1997.