Etymologi

Føreslått ordsoge for ordet «ma», mor.
Kart som viser det etymologiske opphavet til namna på delstatane i USA.

Etymologi (frå gresk ἐτυμολογία ‘læra om den sanne tydinga til ord ifølgje avleiinga’, dana av ἔτυμος étymos ‘verkeleg, sann; den sanne, verkelege tydinga til eit ord ifølgje avleiinga’ og -λογία ‘lære’, av λόγος lógos 'ord, tale’) eller ordsoge er læra om eller studiet av opphavet til orda og korleis dei har utvikla seg gjennom tidene, både når det gjeld form og tyding. Etymologien til eit ord vil difor i praksis ofte anten seie oss kva form og tyding vi trur den opphavlege ordstammen hadde eller kva framandspråk ordet er lånt inn frå. For norsk og mange andre språk finst det spesielle etymologiske ordbøker som kan gi slike opplysningar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne