European Northern Observatory er eit samleomgrep på mange teleskop på La Palma og Tenerife på Kanariøyane. Observasjonstilhøva her er særs gode. Vertsinstitusjon er Instituto Astrofísica Canarias på Tenerife. Dei største teleskopa ligg på kring 2400 moh. på fjelltoppen Los Muchachos på La Palma. Teleskopet MAGIC har ein spegeldiameter på 17 meter og vert nytta til å finne ekstremt energirik gammastråling (> 10 GeV) frå supernovaer og galaksekjerner. Gran Telescopio Canarias er det største optiske teleskopet med ein spegeldiameter på 10 m. Det svenske solteleskopet (1 meter) er verdsleiande og gjev ei soloppløysing på kring 0,04 bogesekund.