Eurovision Song Contest 1957

Eurovision Song Contest 1957
Dato
Finalen 3. mars 1957
Vertskap
Stad
Großer Sendesaal des hessischen Rundfunks
Frankfurt am Main i Vest-Tyskland
Programleiar(ar)
Anaïd Iplicjian
Dirigent
Willy Berking
Kringkastar(ar)
Hessischer Rundfunk for Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Austerrike
Danmark
Storbritannia
Kart
ESC 1957 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga
Røysting
Eurovision Song Contest
Lugano 1956 Hilversum 1958

Eurovision Song Contest 1957 var den andre utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Finalen blei arrangert i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland sundag 3. mars 1957, og programleiar var Anaid Iplicjian. Som under Eurovision Song Contest 1956 året før var konkurransen fyrst og fremst eit radioprogram, sidan fjernsyn på den tida ikkje var særleg utbreidd i Europa.

Deltakartalet steig frå sju til ti land, sidan Austerrike, Danmark og Storbritannia gjorde sin debut. Dette året blei det innført ei rekkje nye reglar frå den fyrste utgåva: kvart land deltok kun med eitt bidrag, og bidraget kunne bli framført av ein solist eller duo. Også avrøystingssystemet blei lagt heilt om ved at kvart deltakarland hadde ei jurygruppe på ti personar som kvar gav eitt poeng til sin favorittmelodi. Jurymedlemmane kunne heller ikkje røyste på sitt eige land sitt bidrag. Poenggjevinga var dette året offentleg, og poenga blei lesne opp under sendinga, land for land over telefon. Undervegs i avrøystinga blei poenga førte opp på ei poengtavle, slik at sjåarane og lyttarane kunne følgje med.

Nederland fekk sin fyrste siger, då Corry Brokken vann klart med songen «Net als toen». Frankrike blei nummer to, mens debutanten Danmark fekk ein tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Luxembourg og vertslandet Vest-Tyskland delte fjerdeplassen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne