Luxembourg var tilbake etter fråværet året før, mens Noreg debuterte i tevlinga. Dimed steig deltakartalet frå elleve til tretten, noko som var ny rekord.
Frankrike vann Eurovision Song Contest for andre gong, denne gongen med låten «Tom Pillibi», sungen av Jacqueline Boyer. Vertslandet Storbritannia enda på andreplass for andre år på rad, Monaco blei nummer tre, mens Tyskland og Noreg delte fjerdeplassen. Noreg var representert av Nora Brockstedt og Georg Elgaaens «Voi Voi». Fjerdeplassen er per 2025 framleis blant dei beste resultata til Noreg i Eurovision Song Contest.