Eurovision Song Contest 1964
|
|
|
|
Dato
|
Vertskap
|
|
Programleiar(ar) Lotte Wæver |
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
|
|
Kart
|
|
|
Røysting
|
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 1964 var den niande utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann for fyrste gong sted i Skandinavia og Danmark, som følgje av landets siger i 1963 med Grethe og Jørgen Ingmann og songen «Dansevise». Sendinga blei arrangert og produsert av Danmarks Radio og blei halden laurdag 21. mars 1964 i Tivolis Koncertsal i København. Programleiar var Lotte Wæver.
Sverige trekte seg frå tevlinga på grunn av ein nasjonal artiststreik, mens Portugal debuterte. Dimed heldt talet på deltakarar seg på 16 land, som i dei tre føregåande åra.
Italia vann sin fyrste siger med «Non ho l'età», framført av 16 år gamle Gigliola Cinquetti. Italia vann med den største sigersmarginen i historia til Eurovision Song Contest til då: 49 poeng mot 17 poeng til andreplassen Storbritannia. Vinnarsongen blei også populær i Europa etter sigeren, og i Noreg låg han 16 veker på VG-lista. Monaco blei nummer tre, mens Frankrike og Luxembourg delte fjerdeplassen. Noreg deltok for femte gong, og for fyrste gong med ein mannleg artist. Arne Bendiksen framførte «Spiral», skriven av Sigurd Jansen og Egil Hagen. Det norske bidraget enda på åttandeplass med 6 poeng – alle frå Norden.