Eurovision Song Contest 1968
|
|
|
|
Dato
|
Vertskap
|
|
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
Kart
|
|
|
Røysting
|
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 1968 var den 13. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga blei arrangert laurdag 6. april 1968 i Royal Albert Hall i London i Storbritannia. Katie Boyle leia sin tredje finale, og 17 land deltok. Finalen var den fyrste som ble produsert og send i farger, sjølv om dei fleste landa overførte han i svart-kvitt. Den store førehandsfavoritten var superstjerna Cliff Richard med «Congratulations», men i den spennande avrøystinga måtte han gje tapt med eit poeng for spanske Massiel og «La, la, la». Dette var den fyrste sigeren til Spania i Eurovision Song Contest. Noreg blei representert av Odd Børre og låten «Stress». Det norske bidraget blei nummer 13 med 2 poeng.