Eurovision Song Contest 2022
|
|
|
|
Offisiell tittel 19. Eurovision Song Contest |
|
Dato
|
Finalen |
6. april 1974
|
Vertskap
|
|
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
|
|
|
Kart
|
|
|
Røysting
|
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 1974 var den 19. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad laurdag 6. april 1974 i The Dome i Brighton i Storbritannia. Eigentleg skulle Luxembourg ha stått vertskap, etter å ha vunne på heimebane året før, men den luxembourgske kringkastaren CLT hadde ikkje økonomi til å arrangere finalen to år på rad. Dimed trødde BBC nok ein gong inn som vert, slik kringkastaren også hadde gjort i 1960, 1963 og 1972. Dette var femte gongen Storbritannia arrangerte finalen, og for fjerde gong var tv-personlegdommen Katie Boyle programleiar.
Tevlinga samla 17 land. Opphaveleg var 18 land påmelde, blant dei debutlandet Hellas. Kort tid før finalen trekte Frankrike seg frå tevlinga, i respekt for president Pompidou, som hadde døydd fire dagar før finalen. Malta og Austerrike heldt seg også dette året utanfor tevlinga. I likskap med året før, kunne deltakarane syngje på det språket dei ønskte. Samtidig gjekk EBU tilbake juryordninga frå åra 1957–1961 og 1967–1970. Kvart land hadde ein jury med ti medlemmar som kvar gav eitt poeng til sin favorittsong. Dette var siste gongen denne ordninga blei brukt.
For fyrste gong vann Sverige Eurovision Song Contest, representert av popgruppa ABBA og songen «Waterloo». Vinnarlåten blei ein stor salssuksess og bana veg for ABBAs vidare internasjonale karriere. Den italienske vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti, blei nummer to med «Sì», mens Mouth & MacNeal frå Nederland kom på tredjeplass med «I See a Star». Vertslandet Storbritannia blei nummer fire med Olivia Newton-John og «Long Live Love». Ho delte fjerdeplassen med Luxembourg og Monaco. Noreg enda i motsett ende av resultatlista. Anne-Karine Strøm framførte «The First Day of Love» og enda på ein firedelt sisteplass med 3 røyster. Dette var tredje gongen Noreg kom på sisteplass i tevlinga.