Eurovision Song Contest 1975
|
|
|
|
Dato
|
Vertskap
|
|
Programleiar(ar) Karin Falck |
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
|
|
|
Kart
|
|
|
Røysting
|
Vinnar Nederland med «Ding-a-dong» av Teach-In |
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 1975 var den 20. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige som følgje av landets siger året før med ABBA og «Waterloo». Tevlinga blei arrangert av Sveriges Radio og arrangert laurdag 22. mars 1975 i St:Eriksmässan[2] i Stockholm. Dette var fyrste gongen Sverige arrangerte finalen, og det var den fyrste i Skandinavia sidan Danmark arrangerte i 1964. Den svenske regissøren, programleiaren og tv-produsenten Karin Falck leia sendinga.
Talet på deltakarar auka til 19 land, noko som var ny rekord. Frankrike og Malta var tilbake, mens Tyrkia debuterte. Hellas, som debuterte året før, valde å stå over dette året.
I likskap med dei to føregåande åra, kunne deltakarane syngje på det språket dei ønskte. EBU innførte dette året ei ny juryordning og eit nytt poengsystem: Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Poengskalaen er framleis i bruk i dag.
Nederland vann sin fjerde siger med gruppa Teach-In og songen «Ding-a-dong», som fekk stor kommersiell suksess etter sigeren. Med fire sigrar var Nederland saman med Frankrike og Luxembourg dei mestvinnande landa i tevlinga, men det skulle bli dem siste sigeren til Nederland på 44 år – inntil Duncan Laurence vann i 2019 med «Arcade». Storbritannia fekk sin niande andreplass med The Shadows og «Let Me Be the One», mens Italias «Era» enda på tredjeplass. Frankrike og Luxembourg blei høvesvise nummer fire og fem. Noreg enda nok ein gong i den andre enda av resultatlista. Noreg var representert av Ellen Nikolaysen og låten «Touch My Life With Summer», skriven av Svein Hundsnes. Det norske bidraget enda nest sist med 11 poeng.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.