Liechtenstein ynskte å delta i Eurovision Song Contest dette året, men fekk ikkje løyve fordi landet ikkje hadde eigen kringkastar. Det liechtensteinske bidraget i konkurransen ville ha vore «My Little Cowboy» av Biggi Bachmann. Malta valde Enzo Guzman og «Sing Your Song, Country Boy» som sitt bidrag for deretter å trekkje seg frå konkurransen av ukjende årsaker.
Det greske bidraget var kontroversielt sidan det handla om Tyrkia sin okkupasjon av Nord-Kypros. Hellas hadde trekt seg frå konkurransen året før nettopp på grunn av denne okkupasjonen. Sverige trekte seg frå konkurransen, av di Sveriges Radio ikkje hadde råd til å arrangere konkurransen om dei skulle vinna to gonger på rad. Det hadde også vore demonstrasjonar i Sverige mot konkurransen. Som følgje av dette blei det seinare introdusert ein regel som krev at alle kringkastarane i vertslandet må vere med og bidra økonomisk til arrangøren av konkurransen.