Eurovision Song Contest 1993
|
|
|
|
Dato
|
Semifinalen |
3. april 1993
|
Finalen |
15. mai 1993
|
Vertskap
|
|
|
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Semifinalen |
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
|
|
|
|
Kart
|
ESC 1993 Map.svg
|
██ Land som deltok i tevlinga
██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen
██ Land som ikkje deltok i tevlinga
|
|
Røysting
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 1993 (ESC 1993) var den 38. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Green Glens Arena i Millstreet i Irland. Finalen fann stad laurdag 15. mai. Irland vann tevlinga med songen «In Your Eyes», framført av Niamh Kavanagh.
For fyrste gong måtte ein halde ein kvalifikasjonsrunde, dette grunna det rekordhøge talet deltakarland. Denne vart halden i Ljubljana i Slovenia og vart kalla Kvalifikacija za Millstreet. Her vart Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Slovenia kvalifisert for finalen i Millstreet, medan Estland, Romania, Ungarn og Slovakia måtte vente til året etter. Ingen av landa hadde delteke tidlegare, med unntak av Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Slovenia som tidlegare var ein del av Jugoslavia.
Dette året kunne ein for fyrste gong risikere å ikkje verte kvalifisert til tevlnga året etter. Dei landa som fekk dei seks siste plassane fekk ikkje delteke året etter, for å gi plass til landa som ikkje kom seg vidare frå kvalifikasjonsrunden.
Jugoslavia deltok for siste gong i 1992 på grunn av eit deltakingsforbod i Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN.