Eurovision Song Contest 1995
|
|
|
|
Dato
|
Vertskap
|
|
Programleiar(ar) Mary Kennedy |
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
|
|
Kart
|
|
|
Røysting
|
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 1985 var den 40. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga blei arrangert av den irske kringkastaren RTÉ, og finalen fann stad laurdag 13. mai 1995 i Point Theatre i Dublin i Irland. Dette var tredje året på rad at Irland arrangerte finalen etter å ha vunne tevlinga i 1992, 1993 og 1994. Programleiar var den irske journalisten Mary Kennedy.
EBU justerte ned talet på deltakarland frå 25 til 23 for å sikre seg om at programmet ikke overskred tre timar. Dei sju dårlegaste plasserte landa i 1994 måtte difor stå over tevlinga dette året: Estland, Finland, Litauen, Nederland, Romania, Slovakia og Sveits, som mista sin fyrste finale i tevlinga si historie.
Etter ei tett avrøysting vann Noreg sin andre siger, denne gongen med gruppa Secret Garden og songen «Nocturne». Vinnarlåten var komponert av Rolf Løvland, som også hadde skrive «La det swinge», den fyrste vinnarlåten til Noreg frå 1985. «Nocturne» gjorde seg merka ved å vere nærmast instrumental. Teksten bestod berre av 24 ord, skrivne av Petter Skavlan. Spania kom på andreplass, medan Sverige blei nummer tre, Frankrike nummer fire og Danmark nummer fem. Med det enda Skandinavia på topp fem for fyrste og førebels einaste gong i historia. Dette var siste gongen på 26 år at ingen av songane i topp tre blei framførte på engelsk; fyrst i 2021 skjedde dette igjen.