██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen fordi dei ikkje klarte å kvalifisere seg
Eurovision Song Contest 1996, også kalla Eurosong '96, var den 41. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert av NRK laurdag 18. mai1996 i Oslo Spektrum, etter at Secret Garden vann med songen «Nocturne» året før. Dette var andre gongen Eurovision Song Contest blei arrangert i Noreg, og den fyrste som blei halden i Oslo. Programleiarane var nyheitsankeret Ingvild Bryn og a-ha-vokalisten Morten Harket.
EBU heldt talet på deltakarland på 23 land og arrangerte ei førehandskvalifisering der 29 land skulle bli redusert til 22. Førehandskvalifiseringa blei ikkje filma eller vist på fjernsyn, og juryane bedømde bidraga frå dei andre landa berre ut frå lydopptak. Landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel, Makedonia, Romania, Russland, Ungarn, og ikkje minst Tyskland som mista sin fyrste og hittil einaste finale i historia til Eurovision Song Contest. Noreg var direktekvalifisert som vertsnasjon og deltok difor ikkje i kvalifiseringa.
Irland tok sin sjuande siger med «The Voice», framført av Eimear Quinn og komponert av Brendan Graham. Dette var den fjerde sigeren til Irland på fem år. Noreg og Elisabeth Andreassen kom på andreplass med «I evighet». Sverige blei nummer tre med «Den vilda», mens Kroatia og Estland utgjorde resten av topp fem. Dette var Kroatia og Estland sine beste plasseringar til då. Dette same gjaldt for sjetteplassen Portugal, som var den beste plasseringa til Portugal siden debuten i 1964. Den portugisiske rekorden blei ikkje slått før Salvador Sobral vann med «Amar pelos dois» 21 år seinare. Ein av dei store førehandsfavorittane, Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» frå Storbritannia, innfridde ikkje og enda på åttandeplass.