Eurovision Song Contest 2003

Eurovision Song Contest 2003
Offisiell tittel
48. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 24. mai 2003
Vertskap
Stad
Skonto-hallen i Riga i Latvia
Programleiar(ar)
Marie N
Renārs Kaupers
Kringkastar(ar)
Latvijas Televīzija (LTV)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
26
Debuterte
Ukraina
Attende
Irland
Island
Nederland
Noreg
Polen
Portugal
Ikkje med
Danmark
Finland
Makedonia
Sveits
Kart
Røysting
Vinnar
Tyrkia med «Everyway That I Can» av Sertab Erener
Eurovision Song Contest
Tallinn 2002 Istanbul 2004

Eurovision Song Contest 2003 var den 48. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert laurdag 24. mai 2003 i Skonto-hallen i den latviske hovudstaden Riga. Arrangør var Latvijas Televīzija, og dette var andre året på rad at konkurransen blei arrangert i Baltikum, etter at Estland hadde arrangert finalen i 2002. Programleiarar var fjorårsvinnar Marie N og Renārs Kaupers frå bandet Brainstorm, som deltok for Latvia i 2000. EBU hadde dette året sett talet på deltakarar til 26 land, noko som var ny rekord. No måtte også alle land bruke telefonavrøysting, dette for å unngå at land kunne bytte jurypoeng.

Etter ei svært jamn avrøysing vann Tyrkia og Sertab Erener ein knapp siger med «Everyway That I Can». Dette var den fyrste sigeren til Tyrkia i konkurransen. Like bak følgde Belgia og russiske t.A.T.u.. Noreg var tilbake etter fråværet i 2002 og enda på fjerdeplass med Jostein Hasselgård og balladen «I'm Not Afraid to Move On», mens Sverige blei nummer fem. Det norsk-svenske forholdet blei etter finalen gjenstand for stor pressedebatt då den norske kommentatoren, Jostein Pedersen, kommenterte at den svenske duoen Fame hadde like stor utstråling «som bokhyllen Ivar fra IKEA».

Storbritannia hamna for fyrste gang heilt sist med null poeng, mens vertslandet Latvia enda tredje sist. Dette var fyrste gongen sidan 1995 at vertsnasjonen ikkje enda i topp 10, og det var det verste resultatet til ein vertsnasjon sidan 1992.

Dette var siste året Eurovision Song Contest blei halden på tradisjonelt vis, med berre ein finalesending. Året etter innførte EBU semifinale i forkant av finalen, noko som gjorde at alle land som ønskte det, fekk delta kvart år. Kvalifiseringsordninga som hadde vore i bruk sidan 1994, blei også avvikla etter 2003.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne