Eurovision Song Contest 2013 (ESC 2013), offisielt 58. Eurovision Song Contest, var den 58. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Malmö i Sverige, etter at Loreen vann Eurovision Song Contest 2012 med songen «Euphoria».
Tre byar var interesserte i å arrangere tevlinga, og 8. juli 2012 vart Malmö Arena vald som arena av Sveriges Television (SVT). Dette var femte gongen Sverige arrangerte tevlinga og andre gong Malmö var vertsby, etter å ha arrangert tevlinga i 1992. Datoen for dei to semifinalane var 14. og 16. mai 2013, og finalen vart halden om kvelden 18. mai 2013.[1] 39 land tok del, mellom dei Armenia som sist var med i 2011.[2][3][4] Bosnia-Hercegovina, Portugal, Slovakia og Tyrkia annonserte at dei ville trekkje seg frå tevlinga i 2013.[5][6][7][8]
For fyrste gong på 20 år klarte ingen av landa frå det tidlegare Jugoslavia å kvalifisere seg til finalen.[9]
- ↑ Roxburgh, Gordon. «Dates announced for 2013 Contest». European Broadcasting Union. Eurovision.tv. Henta 19. mai 2012.
- ↑ Hondal, Victor (27. mai 2012). «Armenia set to return in 2013». ESCToday.com. Arkivert frå originalen 31. mai 2012. Henta 27. mai 2012.
- ↑ Jiandani, Sanjay (31. oktober 2012). «Armenia confirms participation». ESCToday.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2017. Henta 31 October 2012.
- ↑ «39 countries to take part in Eurovision 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. 21. desember 2012. Henta 21. desember 2012.
- ↑ «Bosna i Hercegovina odustala od učešća na Eurosongu u Švedskoj». klix magazin (på bosnisk). 14. desember 2012. Henta 14. desember 2012.
- ↑ Jiandani, Sanjay (22. november 2012). «Portugal will not participate in Eurovision 2013». ESCToday. Henta 7. desember 2012.
- ↑ «Víme první: Slovensko nebude na Eurovizi 2013!». EuroContest.cz. 4. desember 2012. Arkivert frå originalen 20. juni 2013. Henta 7. desember 2012.
- ↑ Jiandani, Sanjay (14. desember 2012). «Turkey will not go to Eurovision in Malmö» (på engelsk). ESCToday. Henta 14. desember 2012.
- ↑ Andreas Brenner (17. mai 2013). «Speculation mounts on who will win Eurovision» (på engelsk). DW.de. Henta 24. mai 2013.